|
|
Du er her:
Hjem >
Stor stemning på sommarfestFredag 13. juni inviterte Bergen Yards Halsnøy AS til sommarfest i nyoppført lagerhall på industriområdet i Høylandsbygd. "Pearl" var engasjert til både taffelmusikk under rekefesten og som danseorkester utover natta.
#715726#715726Ein stor lagerhall med metallplater i vegg og tak er vel ikkje det beste lokale for korkje fest eller musikk, men ein flittig festkomite ved Bergen Yards Halsnøy AS hadde snekra flott scene og dansegolv, dempa klangen i veggene ved å henga opp store fiskegarn og elles pynta den nyoppsette lagerhallen til ein flott sommarfest for nær 100 menneske, eigne tilsette med følgje såvel som innleigde arbeidarar. På menyen sto reker med tilbehør, og etter kvart steig stemningen i lagerhallen til oppunder taket, sjølv om det er ganske høgt opp dit. "Pearl", med Maria Johnsen (vokal), Christian Bjørgen (bass), Kjetil Kjeka (gitar), Martin Clement Kviteberg (gitar og keyboard) og Martin Bjørnevik (trommer) sytte for flott dansemusikk, med fengande låtar " fra de siste fem tiår". Eit særleg populære innslagt var det då "Pearl" framførte svensktoppar med to av Bergen Yard's sine eigne tilsette, Vidar Isdal, vokal og Edmund Øvrevik, trekkspel. Då arrangementet slutta av med Bergen Yards' Henning Sæbø åleine på gitar med klassikaren "Halleluja" var det knapt nok ståplass att på dansegolvet. Festgeneral Karoline A. Johnsen ved Bergen Yards Halsnøy oppsummerte dansemusikken slik: "Pearl fikk mye skryt for musikken;)) Det ble mye dansing utover kvelden, ingen som har sagt noe om lyden så regner med de fleste var fornøyd med det. Folk er klar for en ny fest igjen de, så vi får se til neste sommer om vi ringer dere igjen ;)) Takk for flott jobb."
|