|
|
Teltet skal fyllast fredag 5. september"Pearl" varmar opp for "Vassendgutane"Teltet skal fyllast fredag 5. september når populære "Vassendgutane" kjem til Halsnøy! Me vonar på minst 700, men me har plass til 1000, seier Arve Fosse i Halsnøy Samfunnshus! VAssendgutane er kjende for fengande folkeleg countryrock på nynorsk og og eit forrykande scene- og lysshow. Den lokale popgruppa "Pearl" er engasjert som oppvarmingsband og til å spela i pausane mellom "Vassendgutane" sine økter. Gjennom eit dansevennleg repertoar med klassiske pop, rock og countrylåtar frå 60-talet og frametter har dei blitt svært populære ved opptreden på fleire arrangement dei siste åra. Gruppa "Pearl" består i dag av Christian Bjørgen, bass, Kjetil Kjeka, gitar, Martin C. Kviteberg, gitar, Rhune Dahle, slagverk og vokalist Maria Johnsen, alle frå Halsnøy.
"Hæla i taket" på Bergen Yards HalsnøyStor stemning på sommarfestFredag 13. juni inviterte Bergen Yards Halsnøy AS til sommarfest i nyoppført lagerhall på industriområdet i Høylandsbygd. "Pearl" var engasjert til både taffelmusikk under rekefesten og som danseorkester utover natta.
Flott konsert under opningsfesten:Trampeklapp for "Halsnøysambandet"Det var ståande ovasjonar og trampeklapp for "Halsnøysambandet" dvs "Pearl" og vener under opningsfesten for tunnelen i Halsnøy Samfunnshus laurdag 8. mars. Etter konserten sat godorda laust og superlativa dryssa over både yngre og eldre musikantar i gruppa som for anledningen hadde tatt namnet "Halsnøysambandet".
På scena med Per Inge Torkildsen"Halsnøysambandet" opnar tunnelen!Laurdag 8. mars er det duka for stor fest i Halsnøy Samfunnshus i samband med opninga av tunnelen. Komikaren Per Inge Torkildsen er det store trekkplasteret denne kvelden. Med seg på scenen får han gruppa som i høve dagen kallar seg "Halsnøysambandet"
"The Band" frå Halsnøy på UKM KvinnheradGruppa "The Band" frå Halsnøy, med Kjetil Kjeka (gitar), Martin C. Kviteberg (gitar), Oliver Anderson (bassgitar), Kevin Nielsen (keyboard) og Kristian Djuve (slagverk) gjorde ei flott framføring av "Cannon Rock" under UKM Kvinnherad, som gjekk av stabelen i Husnes Samfunnshus laurdag 19. januar 2008. Her ser du Martin C. Kviteberg i aksjon, med Kristian Djuve i bakgrunnen. Foto: Aasmund Taarn Sande
"Pearl" har fått eigne heimesiderPearl" har endeleg fått eigne heimesider, redigert av Christian Bjørgen.
29.12.06 Tilbake til Matre på bygdedansSom i fjor er det "Pearl" som syter for musikken på den årvisse 5.dagsfesten i Matre.
Pearl har kjøpt "Bandmobile"Det starta med at "Vestlandsfanden" og Reidar Brendeland måtte ha ny turnebuss. Difor overtok "Vassendgutane" hans forrige. Demed ble deira gamle, men påkosta buss lagt ut for salg. Kvinnheradbandet EDO slo til og blei eigarar av "Vassendgutane" sin flotte turnébuss. Men kva så med EDO sin relativt nyinnkjøpte bandbil, ein Fiat Dukato Minibuss, 1999-modell?
Skaper stemning på julebord02.12.06 "Pearl" til Etne KulturhusDet er duket for et svingende julebord på Etne Kulturhus lørdag 2. desember når Pearl spiller opp til dans etter middagen. Men innen den tid står det helt andre ting på programmet.
|