Whiteberg Productions
Du er her: Hjem > Pearl > 

"Pearl" varmar opp for "Vassendgutane"

Maria JohnsenTeltet skal fyllast fredag 5. september når populære "Vassendgutane" kjem til Halsnøy! Me vonar på minst 700, men me har plass til 1000, seier Arve Fosse i Halsnøy Samfunnshus! VAssendgutane er kjende for fengande folkeleg countryrock på nynorsk og og eit forrykande scene- og lysshow. Den lokale popgruppa "Pearl" er engasjert som oppvarmingsband og til å spela i pausane mellom "Vassendgutane" sine økter. Gjennom eit dansevennleg repertoar med klassiske pop, rock og countrylåtar frå 60-talet og frametter har dei blitt svært populære ved opptreden på fleire arrangement dei siste åra. Gruppa "Pearl" består i dag av Christian Bjørgen, bass, Kjetil Kjeka, gitar, Martin C. Kviteberg, gitar, Rhune Dahle, slagverk og vokalist Maria Johnsen, alle frå Halsnøy.

Slik heiter det på heimesidene til populære Vassendgutane: "Grunnsteinen vart lagd i –96, og den var tufta på rein moro. Sidan har det berre blitt meir og meir av nettopp dette. Noko som gjenspeglar seg i publikum og i den stemninga som er på konsertane. Mange fulle hus og ein stadig større tilhengarskare er bevis på nettopp dette. Ein konsert med Vassendgutane er ei oppleving som er verdt å ta med seg. Dei er som kvalitetskonjakk, vert berre betre med åra. Vassendgutane er ein eigen genre, og om ein skal finne eit anna namn må det være ”fest-country”. Tekstar og melodiar er sjølvlaga, og dei fleste tema er henta frå kvardagen i norsk bygdeliv.
Vassendgutane er hyppige gjestar på dei store countryfestivalane (fleire år på rad!!), her kan vi nemne Skjåk, Vinstra og Breim som eksempel. Vassendgutane har tre cd-utgjevingar, og ein cd-singel på samvetet. Både cd’en ”Pylse og konjakk” (2000), og ”Gi clutch” (2002) har veldig respektable salstal. I 2005 kom  ”Ungkar med dobbelseng”, den har seld til GULL og nærmar seg fort 40.000 selde eksemplar! Dette har gjort at Vassendgutane i fjor var blant dei ti mest selde artistane på norske bensinstasjonar."  Les meir om "Vassendgutane" her: