Whiteberg Productions
Du er her: Hjem > 

"Pearl" til "17.mai dans" i Dalheim:

Plakat Dalheim 15.05.2009Den spreke 121-åringen Omvikdalen Ungdomslag tek i år opp att ein gammal tradisjon og arrangerer 17. mai dans, rett nok fredag 15. mai. Halsnøygruppa "Pearl" er hyra inn til å stå for musikken, det vert matservering og ein har sikra seg øl- og vinrett, så alt skulle liggja til rette for ein triveleg opptakt til 17.mai helga i "Dalheim".
- Vi veit at mange ser fram til dette arrangementet og reknar med fullt hus, seier Elisabeth Haugse i Omvikdalen Ungdomslag. "Pearl" er kjende for å spela god, gammaldags dansemusikk. Vi reknar med at deira blanding av country, pop og rock'n roll er nett det som feststemde kvinnheringar ønskjer seg ved inngangen til 17.mai helga. Bandet er denne gongen forsterka med gitarist Finn Tore Hellesen frå "Edo", trommis Ole Kronenes og Odd Tollaksvik, bass, begge frå det tidlegare countrybandet "Jack of Hearts" på Stord. I tillegg medverkar Martin C. Kviteberg på gitar og keyboard og ikkje minst vokalist Maria Johnsen.
 
- Vi gler oss stort til arrangementet, men minner om at det berre er plass til om lag 120 personar, seier Elisabeth Haugse, som lovar at arrangørane vil syta for både vått og turt under 17.maidansen. Aldersgrensa er 18 år.