|
|
03.12.2006 Julekonsert i HøylandsbygdHøylandsbygd Musikkorps og "Pearl" saman på scenen
Tradisjonen tru inviterte Høylandsbygd Mussikkorps inn til julekonsert første søndagen i advent. Denne gongen hadde dei med seg både juniormedlemmene sine og popgruppa "Pearl" på scenen. Det var såleis eit allsidig og fengande program, som var dyktig musikalsk leia av dirigent Espen Fosse frå Sveio. Vokalistane i "Pearl", Rune Dale Landa og Maria Johnsen, framførte fleire flotte solonummer i godt samspel mellom band og korps.
Etterpå var det salg av kaffi og kaker og kakeutlodning. |