|
|
02.12.2006 Stor stemning på julebord i EtneMeir enn 300 dansa inn i desembernatta til musikk av "Pearl".
Storsalen i Etne Kulturhus var pynta til førjulsfest då over 300 festemde og for det meste stivpynta gjester samlast til julebord laurdag 2. desember. Middagen besto naturleg nok av pinnekjøt og svineribbe med tilbehør, etterfulgt av karamellpudding og riskrem - alt "heimelaga" og særs velsmakande. Før middagen var det nær ein times show i kinosalen med standup-komikaren Roar Brekke. Etter middagen svinga gjestene seg til dansemusikk frå "Pearl" til fram i to-tida på natta. Dagleg leiar Berit Rafdal i Etne Kulturhus gjekk rundt og strålte som ei sol heile kvelden. Fullt hus, fullt på dansegolvet og gjester som skrytte av maten og musikken. Kva meir kan ein julebordarrangør ønskja seg?
|