Whiteberg Productions
Du er her: Hjem > Opptredener > 

18.11.06 Countryfest og stordans på Dønhaug

Det vart ein kjøleg, men svært så triveleg kveld for nærare 250 countryfans som hadde funne vegen til Uskedalen i samband med Randi Karin sitt plateslepp laurdag 18.11. 06.
Naturleg nok var det Randi Karin og plata hennar som sto i sentrum for oppmerksomheten, men det var "Pearl" som stod for mesteparten av musikken gjennom ei stormfylt laurdagsnatt på Dønhauglåven. Sjølv om eit fåtal av dei som svinga seg på dansegolvet medan novemberstormen kvein om løeveggene gjorde det først og fremst for å halda varmen, var nok dei fleste utpå fordi dei syntest svært godt om musikken som vart presentert.  "Pearl" spela i tre omgangar, medan Randi Karin og "The Black Mystery Band" inntok scenen to gonger for å gje publikum smakebitar frå debutplata "Heartfelt Country".   Til slutt tok dei to gruppene nokre fellesnummer, til stort bifall frå eit feststemt publikum.  Her er kva lokalpressa skreiv om arrangementet:  Innsida  Grenda
Tips en venn
Send til e-post:
Fra e-post:
Melding:
Kode