Whiteberg Productions
Du er her: Hjem 
Plakat Dalheim 15.05.2009

Omvikdalen Ungdomslag tek opp gammal tradisjon!

"Pearl" til "17.mai dans" i Dalheim:

Den spreke 121-åringen Omvikdalen Ungdomslag tek i år opp att ein gammal tradisjon og arrangerer 17. mai dans, rett nok fredag 15. mai. Halsnøygruppa "Pearl" er hyra inn til å stå for musikken, det vert matservering og ein har sikra seg øl- og vinrett, så alt skulle liggja til rette for ein triveleg opptakt til 17.mai helga i "Dalheim".
Maria Johnsen

Teltet skal fyllast fredag 5. september

"Pearl" varmar opp for "Vassendgutane"

Teltet skal fyllast fredag 5. september når populære "Vassendgutane" kjem til Halsnøy! Me vonar på minst 700, men me har plass til 1000, seier Arve Fosse i Halsnøy Samfunnshus! VAssendgutane er kjende for fengande folkeleg countryrock på nynorsk og og eit forrykande scene- og lysshow. Den lokale popgruppa "Pearl" er engasjert som oppvarmingsband og til å spela i pausane mellom "Vassendgutane" sine økter. Gjennom eit dansevennleg repertoar med klassiske pop, rock og countrylåtar frå 60-talet og frametter har dei blitt svært populære ved opptreden på fleire arrangement dei siste åra. Gruppa "Pearl" består i dag av Christian Bjørgen, bass, Kjetil Kjeka, gitar, Martin C. Kviteberg, gitar, Rhune Dahle, slagverk og vokalist Maria Johnsen, alle frå Halsnøy.
Juni2008 280

"Hæla i taket" på Bergen Yards Halsnøy

Stor stemning på sommarfest

Fredag 13. juni inviterte Bergen Yards Halsnøy AS til sommarfest i nyoppført lagerhall på industriområdet i Høylandsbygd. "Pearl" var engasjert til både taffelmusikk under rekefesten og som danseorkester utover natta.
Halsnøysambandet

Flott konsert under opningsfesten:

Trampeklapp for "Halsnøysambandet"

Det var ståande ovasjonar og trampeklapp for "Halsnøysambandet" dvs "Pearl" og vener under opningsfesten for tunnelen i Halsnøy Samfunnshus laurdag 8. mars. Etter konserten sat godorda laust og superlativa dryssa over både yngre og eldre musikantar i gruppa som for anledningen hadde tatt namnet "Halsnøysambandet".